Øl og brygg i bygd og by - Arne Hjeltnes

Øl og brygg i bygd og by er en bok du blir tørst av, og du blir også kjent med en imponerende gjeng. Boka forteller også om brygging av ditt eget øl.

PrisNOK449,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktanmeldelser (0)

Arne Hjeltnes reiser Noreg rundt for å forstå meir av den norske ølrevolusjonen. På nokre få år har det dukka opp hundrevis av mikrobryggeri her i landet. Arne er innom 15–20 bryggeri i bygd og by for å treffa folka bak ølet. Boka tar for seg mange artige ølsortar, men det er dei fargerike bryggarane som er hovudpersonane i boka. Dei er entusiastar som har satsa mykje, av og til alt, i trua på sitt eige brygg. Det er slike folk som har skapt den norske ølrevolusjonen. Gode galningar med idear, folk som skapar noko.

Du vil finne mykje godt øl i denne boka om gründarskap og entusiasme. Øl og brygg i bygd og by er ei bok å verta tyrst av, og du kjem til å møta ei gjeng du vil verta imponert over. Boka fortel òg korleis du kan laga ditt eige øl.

Om forfattaren 

Arne Hjeltnes har skrive 20 bøker. Han har vore engasjert i lokal mat både i bokform og i tv-seriar. Denne boka om norske ølbryggarar føyer seg inn i rekka av hans engasjement for det som gror av mat- og drikkekultur i bygd og by.

Skriv en produktanmeldelse og del dine erfaringer med dette produktet med andre kunder.